Kontakt oss

RS Trafikk AS

RS Trafikk er ein kjøreskule på Stord som starta opp på vårparten av 2022.
Idag er det ein tilsett ved skulen som har hatt sin arbeidsplass i trafikken sidan 2006. Både som yrkessjåfør og trafikklærar.

Har god erfaring med å jobbe saman med forskjellige menneske, og alle har kvar sine behov for å lære på best mulig måte.

Som trafikkskule på Stord er vårt mål å bli eit trygt og behageleg val når du skal ta lappen.

Me tilbyr trafikkopplæring på
- Bil
- Tilhengar
- Motorsykkel

Etter å ha gjennomført trafikkopplæringa hos RS Trafikk AS skal eleven ha den kompetansen som er nødvendig for å kjøre på ein ansvarleg måte.

Eleven skal ha dei kunnskapane, ferdigheitene, sjølvinnsikta og risikoforståinga som er nødvendig for å kjøre på ein måte som:

- er trafikksikker
- gir god samhandling
- fører til god trafikkavvikling
- tar hensyn til helse, miljø og andres behov
- er i samsvar med gjeldande regelverk.

-- Den grøna milo --

Avtal eit møte med oss om du er i tvil, så hjelper deg vidare på vegen

Telefon: 41 19 18 17
E-post: post@rstrafikk.no

Du finn oss på facebook og Instagram!

Ta kontakt

Kommende kurs